Senter for høyere
studier 2000-2001
Forskargruppa "Utgjeving av
mellomaldertekster" under leiing av Odd Einar Haugen har
konsentrert seg om elektronisk utgjeving av norrøne
tekster. Tre felt har vore sentrale: (1) Tekstleg representasjon: kva for
paleografisk og ortografisk informasjon i handskriftene
bør kodast? (2) Tekstleg rekonstruksjon:
bør tekstene analyserast som primærkjelder,
eller bør variantar frå andre kjelder takast
med i kodinga? (3) Tekstleg presentasjon: korleis kan
koda tekster bli presenteret (og distribuerte) i ei form som
ikkje bryt sambandet med tradisjonelle
utgåver? Kvar deltakar i gruppa har arbeidd med
sitt eige utgjevingsprosjekt. Desse prosjekta har vore
samanknytte både tematisk og metodisk , og minst eitt
av dei - arbeidet med ei ny utgåve av Heimskringla -
har engasjert fleire av deltakarane. Dei individuelle
prosjekta har tent som utgangspunkt for ei drøfting
av dei problemstillingane som reiser seg på dei tre
nemnde hovudfelta. Gruppa har oppretta ei felles plattform
og laga utkast til eit regulativ for koding av nordiske
mellomalderhandskrifter i samsvar med tilrådingane til
det internasjonale Text Encoding Initiative. Forskargruppa heldt eit
symposium
27.-29. april 2001 med meir enn 60 deltakarar, hovudsakleg
frå dei nordiske landa. Ei elektronisk handbok
om koding av nordiske mellomalderhandskrifter utarbeidd av
medlemer av forskargruppa vart utlagd på nettet 10.
juni 2001. Ein rapport
over arbeidet i forskargruppa vart framlagd 20. november
2001. Deltakarar Universitetet i
Bergen Noreg Københavns
universitet Danmark Universitetet i
Oslo Noreg Växjö
universitet Sverige Universitetet i
Bergen Noreg Nasjonalbiblioteket,
Oslo Noreg Universitetet i
Erlangen-Nürnberg Tyskland Universitetet i
Erlangen-Nürnberg Tyskland
![]()
Oppretta 23. oktober 2000. Sist
oppdatert 7. desember 2001 av OEH.